Munchmuseet, MM K 236

MM K 236, Munchmuseet. Datert 28.10.1931. Brev fra Olaf Hanssen.

Vis forklaring av tegn og farger i visningen

Lukk forklaring av tegn og farger i visningen

Forklaring av tegn og farger i visningen

NB: Kombinasjoner av virkemidlene forekommer!

Munchs skrevne tekst

overstrøket tekst

Munchs skrevne tekst

Munchs skrevne tekst

tekst skrevet av andre enn EM selv

store strykninger gjort med strek, kryss el.l.

fet tekst er trykt tekst

{overskrevet tekst}

\tilføyd tekst i linjen/

tilføyd tekst over linjen

tilføyd tekst under linjen

lakune/uleselig tekst merkes med ...

‹uklar/vanskelig leselig tekst›

endring av rekkefølgen på ord
Billederne forhåbentlig2 bliver1 god

Skriv ut visningsforklaring
    
28/10 31.


    Herr
    Kunstmaler Edv. Munch,
    Oslo


    De må orsaka at eg kjem med dette brev og ei bøn til
Dykk.

    Det er meg fortalt, at avlidne Sigbjørn Obstfelder var ein
av Dykkar gode véner i 80 og 90 åri.

    Som De gjerne veit var Obstfelder i midten av 80 åri inne på
målsaki og han skreiv ymse ting på landsmål. Eg hev leita etter
i flere år, og endeleg fann eg på universitetsbiblioteket ein
pk. etterletne manuskript \av honom/ og inn millem desse fann eg
nokre forteljingar skrivne på landsmål.

    Det er mykje godt heilt nytt a … \for/ dei fleste at Obstfelder
gjekk med tanker um målarbeidet. Og det var difor svært
gildt å få prenta desse kravlause småstykke i alt 10 stk.
Det meste er folkelivsbilæte og tankar frå fotturar han tok inne
i Ryfylkebygdane og so er der eit par til:
  • Kjolepliséen
  • Ho Turid spelar.
  • Millem born.
  • På sjøen.

    I seg sjølv er dei ogso so gode at dei fortenar prenting, men sjølsagt
hev det mest å segja for målgranskarne.

    Dreyers litografiske anstalt, Stavanger, hev vore so
gild å teke på seg å gjeve ut dette vesle heftet.

    No vilde me svert gjerne havt ein liten vignett under
kvart stykke. Og difor kjem eg fram med ei bøn til Dykk

 

      

um De vilde vera gild å hjelpa oss her.
    Når Dreyer tek på seg prentingi, so vil han ikkje gjeva
noko slags honorar, då han prenta det som eit \lite/ minneskrift \etla til skyldfolk og véner,/
og noko \større/ sal vert det vel ikkje.

    Det er då ikkje å venta, at De kann laga noko slag nye
ting – men eg skriv meir i voni – um De kunde hava nokre
småskitser frå eldre tider liggjande, som kunde \høva og/ nyttast her.

    Lat meg få høyra frå Dykk kva De meiner um dette,
og eg voner De orsakar spurnaden.–

    
    Med høgvyrdnad
    Olaf Hanssen,
vaktmeister stipendiat



    Trondhjemsveien 23.